Sesonginformasjon 2018

Postet av Fjellblom IL den 4. Jan 2018

FJELLBLOM IL

                                   Informasjon



Idrettslaget har årsmøte  på Haukåsen 09.januar 2018. Medlemskontingenten er 150 kroner for enkeltmedlemmer og 300 for familiar. Saman med kontingenten krev me også inn eit beløp av dei som nyttar seg av badinga på VBU. Satsen er 200 kr/enkeltmedlem og 300 kr for familiar. Enkeltmedlemmer m/bading betalar såleis totalt 350 kr og familiar 600 kr.

 

Laget samarbeider med Slettefjell Skiløyper for å preparere skiløypene i området. (Laglim/Haukåsen/Slettefjell-Eggeåsen). God skitur! Sjekk føret og når det er kjørt på  http://www.slettefjell-skiloyper.com/

 

Skitrening for dei yngste (1. kl og oppover) i lysløypa på Åsvang kvar måndagskveld frå kl. 18.00 til ca. kl. 19.00.

 

Lysløyperenn: 10 onsdagar etter jul frå kl.18.00 til kl. 20.00. Startar 3. januar, (ikkje renn i vinterferien 28 feb.) til og med 14. mars. Lysløyperenna er utan tidtaking men med rundetelling.

Kuldegrense: - 15 grader.

 

Premieutdeling på Åsvang  21. mars kl 18.00. Ekstra premie til alle med 9 eller fleire renn.

 

Oversikt over nokre aktuelle renn som blir arrangert denne sesongen:

30.12  Alle kl. /Fristil                Beitostølen                                     Landsrenn

13.01  Alle kl klassisk              Ustedalsfjorden rundet                     Turrenn

04.02  Fri teknikk                     Ellingsverunden                              Turrenn                                                      

 04.02  Friteknikk                     Sør Aurdal                                      Kretsrenn

 24.02  klassisk                         Mellerunden                                    Turrenn                               

25.02  Alle kl.fristil .                  Eggeåsen                                      Kretsrenn

 11.03  Alle klasser.                 Åsvang.                                           Klubbmesterskap  kl 12.00

 29.03 Slettefjellrennet           Eggeåsen-Åsvang                          20 km.

 

Andre opplysningar:

Dei som er 13 år og eldre må betale lisens/forsikring til skiforbundet. Kvar enkelt melder på via online påmelding på nettet.Ta kontakt med Egil dersom du har problem med dette.

 

Andre aktivitetar:

Tysdagar: Volleyball for vaksne på Åsvang          kl. 18.00-20.00

Torsdagar: Svømming/bading på VBU                 kl. 18.00-19.30   Ikkje i skuleferiar. Slutt til påske.   

 

 

Grasrotandel  :  Vi vil oppmode alle som tippar å registrere Fjellblom IL som mottar av grasrotandelen. Dette gjer du ein gong ved å registrere  Fjellblom som mottaker på tippekortet ditt.

 

 

Sjekk elles facebooksida eller heimesida vår for nytt:

 

 

 

 

Lykke til med eit aktivt år!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.