Sesong info fra Fjellblom IL

Postet av Fjellblom IL den 2. Jan 2017


FJELLBLOM IL

Informasjon



Idrettslaget har årsmøte på Haukåsen 10.januar 2017. Medlemskontingenten er 150 kroner for enkeltmedlemmer og 300 for familiar. Saman med kontingenten krev me også inn eit beløp av dei som nyttar seg av badinga på VBU. Satsen er 200 kr/enkeltmedlem og 300 kr for familiar. Enkeltmedlemmer m/bading betalar såleis totalt 350 kr og familiar 600 kr.

NB Usikkert med bading i vår pga bygging.

Laget samarbeider med Slettefjell Skiløyper for å preparere skiløypene i området. (Laglim/Haukåsen/Slettefjell-Eggeåsen). God skitur! Sjekk føret og når det er kjørt på http://www.slettefjell-skiloyper.com/

Skitrening for dei yngste (1. kl og oppover) i lysløypa på Åsvang kvar måndagskveld frå kl. 18.00 til ca. kl. 19.00.

Lysløyperenn: 10 onsdagar etter jul frå kl.18.00 til kl. 20.00. Startar 4. januar, (ikkje renn i vinterferien 1 mars.) til og med 15. mars. Lysløyperenna er utan tidtaking men med rundetelling.

Kuldegrense: - 15 grader.

Premieutdeling på Åsvang 22. mars kl 18.00. Ekstra premie til alle med 9 eller fleire renn.

Oversikt over nokre aktuelle renn som blir arrangert denne sesongen:

30.12 Alle kl. /Fristil Beitostølen Landsrenn

07.01 Alle kl klassisk Åsvang kretsrenn

15.01 Klassisk Sør Aurdal

18.02 Fri teknikk Skrautvål

26.02 Alle kl.fristil . Eggeåsen Kretsrenn

12.03 Alle klasser. Åsvang. Klubbmesterskap kl 12.00

13.04 Slettefjellrennet Eggeåsen-Åsvang 20 km.

Andre opplysningar:

Dei som er 13 år og eldre må betale lisens/forsikring til skiforbundet. Kvar enkelt melder på via online påmelding på nettet.Ta kontakt med Egil dersom du har problem med dette.

Andre aktivitetar:

Tysdagar: Volleyball for vaksne på Åsvang kl. 18.00-20.00

Torsdagar: Svømming/bading på VBU kl. 18.00-19.30 NB tida Usikkert pga bygging i vår.

Ikkje i skuleferiar. Slutt til påske.

Grasrotandel : Vi vil oppmode alle som tippar å registrere Fjellblom IL som mottar av grasrotandelen. Dette gjer du ein gong ved å registrere Fjellblom som mottaker på tippekortet ditt.

Sjekk elles facebooksida eller heimesida vår for nytt:

Lykke til med eit aktivt år!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.