Kategori
Støtt opp om løypene!
Postet av Fjellblom IL den 4. Jan 2018
Foto: Oddvin Almenning
Til brukarar av skiløypenettet i Slettefjellområdet
Slettefjell skiløyper preparer skiløypene i Åsvang området (lysløypa og rundt Laglim) og til Eggesåsen –Fjellsendin i helgene. Totalt ca 50 km skiløyper.
Slettefjell skiløyper er eit samarbeid mellom Fjellblom IL, Filefjell Reiseliv og Valdres Destinasjon.
For at vi skal kunne oppretthalde og forbetre tilbodet, treng vi hjelp til å finansiere kjøringa. Tilskot frå kommunen, og bidrag frå næringslivet og hytteeigarar finansierer ein del av kjøringa, men dette er ikkje nok.
Vi håper at De som brukar løypenettet vil bidra med eit tilskot!
Vi har foreslått kr. 500,- . Ønskjer du å bidra med eit anna beløp, kan beløpet på giroen rettast.
Informasjon om løypenett og når det blir kjørt finn du på våre heimesider www.slettefjell-skiloyper.com
Ha ein fin skitur!
Støtte til skiløypekjøring
Slettefjell skiløyper
2975 Vang
500,- 2146.30.10177
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.