Kategori
Sesonginformasjon 2018
Postet av Fjellblom IL den 4. Jan 2018
FJELLBLOM IL
Informasjon
Idrettslaget har årsmøte på Haukåsen 09.januar 2018. Medlemskontingenten er 150 kroner for enkeltmedlemmer og 300 for familiar. Saman med kontingenten krev me også inn eit beløp av dei som nyttar seg av badinga på VBU. Satsen er 200 kr/enkeltmedlem og 300 kr for familiar. Enkeltmedlemmer m/bading betalar såleis totalt 350 kr og familiar 600 kr.
Laget samarbeider med Slettefjell Skiløyper for å preparere skiløypene i området. (Laglim/Haukåsen/Slettefjell-Eggeåsen). God skitur! Sjekk føret og når det er kjørt på http://www.slettefjell-skiloyper.com/
Skitrening for dei yngste (1. kl og oppover) i lysløypa på Åsvang kvar måndagskveld frå kl. 18.00 til ca. kl. 19.00.
Lysløyperenn: 10 onsdagar etter jul frå kl.18.00 til kl. 20.00. Startar 3. januar, (ikkje renn i vinterferien 28 feb.) til og med 14. mars. Lysløyperenna er utan tidtaking men med rundetelling.
Kuldegrense: - 15 grader.
Premieutdeling på Åsvang 21. mars kl 18.00. Ekstra premie til alle med 9 eller fleire renn.
Oversikt over nokre aktuelle renn som blir arrangert denne sesongen:
30.12 Alle kl. /Fristil Beitostølen Landsrenn
13.01 Alle kl klassisk Ustedalsfjorden rundet Turrenn
04.02 Fri teknikk Ellingsverunden Turrenn
04.02 Friteknikk Sør Aurdal Kretsrenn
24.02 klassisk Mellerunden Turrenn
25.02 Alle kl.fristil . Eggeåsen Kretsrenn
11.03 Alle klasser. Åsvang. Klubbmesterskap kl 12.00
29.03 Slettefjellrennet Eggeåsen-Åsvang 20 km.
Andre opplysningar:
Dei som er 13 år og eldre må betale lisens/forsikring til skiforbundet. Kvar enkelt melder på via online påmelding på nettet.Ta kontakt med Egil dersom du har problem med dette.
Andre aktivitetar:
Tysdagar: Volleyball for vaksne på Åsvang kl. 18.00-20.00
Torsdagar: Svømming/bading på VBU kl. 18.00-19.30 Ikkje i skuleferiar. Slutt til påske.
Grasrotandel : Vi vil oppmode alle som tippar å registrere Fjellblom IL som mottar av grasrotandelen. Dette gjer du ein gong ved å registrere Fjellblom som mottaker på tippekortet ditt.
Sjekk elles facebooksida eller heimesida vår for nytt:
Lykke til med eit aktivt år!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.